Taler>Jakob Enerhaug - Mitt vitnesbyrd. Jesus er alltid trufast
21.04.2024
Jakob Enerhaug - Mitt vitnesbyrd. Jesus er alltid trufast
Lytt gjerne til Jakob Enerhaug si tale og vitnesbyrd frå Gudstenesta i Os misjonskirke 14. april 2024.

Jakob Enerhaug talte over søndagens tekst, 3. søndag etter påske. Han talte over teksten frå Johannes evangelium 10:1-10, der Jesus seier at han er porten inn til sauene, at han er gjetaren til sauene.

Her er LINK til talen. 

Jakob illustrerte teksten ved å dele vitnesbyrd frå sitt eige liv. Han sa blant anna:

"Eg har bestemt meg for å lytte til gjetaren si stemme uansett korleis dei andre stemmene er, uansett korleis livet blir. Om eg har timar igjen å leve eller 40 år igjen å leve her på jorda, eg vil lytte etter gjeraren og høyre på det han seier. Eg var priviligert og fekk høyre Jesus si stemme då eg var liten gut heime på Enerhaug. Gud har vore god mot meg og trufast heile livet mitt! Eg vil høyre på Jesus si stemme så lenge eg lever. Eg veit at eg ikkje greier å gjere det skulle gjere og la være å gjere det eg ikkje skulle gjere. Det er difor eg treng Jesus og eg treng å høyre stemma til gjetaren som oppsøkjer meg og leier meg tilbake kvar gang eg kjem på villspor."

Bibelteksten Johannes 10:1-10

1 «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje går inn til saueflokken gjennom porten, men kliv over ein annan stad, han er ein tjuv og ein røvar. 2 Men den som går inn gjennom porten, er gjetaren til sauene. 3 Portvaktaren lèt opp for han, og sauene høyrer røysta hans. Han kallar sine eigne sauer med namn og leier dei ut. 4 Og når han har fått ut alle sine, går han føre dei, og sauene følgjer han, for dei kjenner røysta hans. 5 Men ein framand vil dei ikkje følgja. Dei rømmer frå han, for dei kjenner ikkje røysta til den framande.» 6 Denne likninga fortalde Jesus dei, men dei skjøna ikkje kva han meinte.
7 Då sa Jesus: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Eg er porten inn til sauene. 8 Alle som er komne før meg, er tjuvar og røvarar, men sauene høyrde ikkje på dei. 9 Eg er porten. Den som går inn gjennom meg, skal bli frelst og fritt gå inn og ut og finna beite. 10 Tjuven kjem berre for å stela, drepa og øydeleggja. Eg er komen for at de skal ha liv og overflod.
(Bibelselskapet 2011)

Bilde

Kontakt oss

Os misjonskirke
Kolskogheiane 12
5200 Os

95089563

post@osmisjonskirke.no



Powered by Cornerstone