Taler>Velkommen til Gudsteneste 24. Mai kl 11 !!
15.05.2020
Velkommen til Gudsteneste 24. Mai kl 11 !!
Søndag 24. Mai kl 11 inviterer Os misjonskirke til Gudsteneste i lokala våre i Kolskogen for første gang sidan Covid-19 gjorde at vi måtte avlyse alle samlingar.

Det blir vår eigen Tarjei Engesæth som skal tale, det blir veldig bra! Tarjei er ein dyktig og inspirerande forkynnar. 

Vi skal etterleve reglane frå styresmaktene for "Arrangement med inntil 50 personar" https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/rad-og-informasjon-til-andre-sektorer-og-yrkesgrupper/anbefalinger-ved--store-arrangementer-knyttet-til-koronasmitte-i-norge/?term=&h=1

Når de kjem vil de møte møtevertar som registrer og informerer. Vi ber alle være positive og nøye med å følgje reglane som gjeld for denne perioden. Vi vaskar over dørhandtak og andre flater med sprit og det er sett fram spritdispenser som vi kan forsyne oss av.

Vær merksam på følgjande
- Maks 50 stykker i Gudstenesta.
- Dersom du svarer ja på nokon av følgjande spørsmål ber vi deg halde deg heime:
    * Vært på reise til utlandet* de siste 14 dagene?
    * Hatt nærkontakt med noen som er mistenkt, eller bekreftet smittet?
    * Har luftveissymptomer, som hoste, feber, sår hals ol.?
- Avstand på minst 1 meter. Stolane er plassert utover for å oppnå denne avstanden mellom kvar familie. 
- Som ansvarlig arrangør skal vi sikre rask smittesporing dersom det vert naudsynt, slik at vi registrerer alle som er med. Lista blir handsama konfidensielt, og etter karantenetida (ti dagar) blir den makulert.
- Vi ber om at berre dei som kan sitte i ro på ein stol gjennom Gudstenesta kjem. 
- Det er ikkje Barnekirke eller anna tilbod til borna. Foreldre må ta ansvar for at born sit i ro på stolen. 
- Det blir ikkje kyrkjekaffi eller anna servering.

Vi tek opp tala og gjer den tilgjengeleg på nett i ettertid.

Vèl møtt! Vi gler oss til å sjå kvarandre igjen!

Kontakt oss

Os misjonskirke
Kolskogheiane 12
5200 Os

95089563

post@osmisjonskirke.no



Powered by Cornerstone