Logo - Gå til forsiden

"Å vandre i tru, utan å sjå"

Lytt gjerne til tala Jakob Enerhaug hadde i Os misjonskirke 29. September 2019.

HØYR Jakob Enerhaug tale over temaet "Å vandre i tru, utan å sjå". I tala forklarer Enerhaug kva han legg i det og kvifor han meiner dette er relevant. 

I tala sa Enerhaug mellom anna: 

Bibelen seier i teksten vår at vi skal “ferdast i tru, utan å sjå”. 2.Kor 5:7.
Ein annan plass seier Bibelen: “Vi har ikkje det synlege for auga, men det usynlege. For det synlege er forgjengeleg, det usynlege er evig”. 2.Kor 4:18
Kva er dette for noko? Skal vi gå, men uten å sjå oss for? Skal vi “sjå” det usynlege medan vi går? Skal vi gå gjennom livet uten å sjå oss for? Kva slags livssyn er det? Dette høyrest ved første lesing sprøtt ut! Vi veit alle at det er svært viktig å sjå og ha auga med seg når ein er ute og går, spesielt når ein går i ulendt terreng.
Eg elskar å gå på fjelltur til Linken, på Tøsdalsfjellet. Det er på mange måter “mitt” fjell. Eg går dit så ofte eg kan. Dei siste to månaden har eg hatt det travelt med valget og alt styret omkring det no i etterkant, så det har blitt litt få turar på Linken.
Det er svært bratt opp til Linken, det er steinar og røter og bratte berg. Det største problemet er eigentleg å komme seg ned igjen uten å falle og slå seg helselaus. Hittil har eg berga med litt blåmerker og skrubbsår!
Men ein føresetnad for å komme seg velberga ned er at eg ser nøye på terrenget, på våte røter, glatte steinar og blaut mold.
Det samme gjeld når eg går dit vinterstid i mørkna med hodelykt. Då må eg sjå meg godt for og følgje med så eg både finn vegen og ikkje sklir og slår meg.
Så korleis i all verden kan Bibelen seie til meg at eg skal gå, utan å sjå? Kva er det vi ikkje får tak på her?

Siste 5 artikler:

Høsttakkefest søndag 27. Oktober

Søndag 27.10 kl 16 går årets Høsttakkefest av stab... Les hele

Gudstjeneste 29. September kl 11

Kommende helg taler Jakob Enerhaug. Få med deg det... Les hele

Å gå i tro!

Lytt gjerne til talen Tarjei Engesæth holdt i Os m... Les hele

Gudstjeneste 15. September kl 11

Søndag taler Tarjei Engesæth! Det er også nattverd... Les hele

Familiesamling og misjonsmøte 1. September

Ta med deg familie og venner og kom du også! Dette... Les hele

Nyhetsarkiv

«Begeistret for Jesus, menigheten og lokalsamfunnet Os.
Mennesker som ærer Gud, gjør Jesus kjent og vokser i åpne og levende menighetsfellesskap.»


Besøksadresse (møtelokale):

Kolskogheiane 12 (ved siden av Os Vidaregåande Skule)

Postadresse:
Postboks 166, 5202 Os

Givertjeneste:
Kontonr. 3631.50.79483